Miside blir fasa ut den 31. mai 2012. Difi skal framleis ha ei vegvisarrolle for å hjelpe brukarane å finne fram til informasjon og tenester på Internett. Vi er i gang med å konkretisere korleis vegvisarrolla til Difi skal vere. I første omgang vil vi presentere to nye tenester som blir tilgjengelege som lenkjer frå Noreg.no frå 31. mai 2012.

Finn teneste

Dette er ei oversikt over statlege og kommunale tenester på nett. Her vil du kjenne igjen tema og tenesteoversikta frå Miside. Opplistinga av tenestene er meir oversiktleg, med logo til den statlege etaten eller kommunen som eig tenesta. Du kan finne tenestene i tenesteoversikta eller ved å bruke søkjefunksjonen på sida.

Dersom du ønskjer å få opp elektroniske tenester frå ein bestemt kommune, må du velje kommune. Det er ikkje lenger slik at heimstadkommunen din er førehandsvald, slik det er på Miside.

Når du klikkar på ei teneste, kjem du til innloggingssida på ID-porten. Logg inn, og du kjem inn på sjølve tenesta.

Ikkje alle offentlege elektroniske tenester er tilgjengelege via Finn teneste.

Mine opplysningar

Når du vel lenkja Mine opplysningar på Noreg.no, vil du (etter å ha logga deg inn via ID-porten) komme til Miside-tenestene som gjer oppslag i offentlege register. Desse innsynstenestene er tilgjengelege:

  • Adressa mi (viser opplysningar frå folkeregisteret)
  • Fastlegen min (viser opplysningar frå fastlegeregisteret)
  • Køretøya mine (viser opplysningar frå motorvognregisteret)

Om sikkerheit og personvern

Det blir ikkje lagra data om deg som brukar, verken i Finn teneste eller Mine opplysningar.

I Mine opplysningar, der du får innsyn i opplysningar som er lagra om deg i ulike offentlege register, vil opplysningane bli henta frå dei aktuelle registra. Dei blir ikkje lagra hos Difi.

Du kan lese meir om bakgrunnen for nedlegginga av portalen i ei pressemelding frå Difi.